REGULERINGSPLAN FOR ANGRAVLI, GNR 154 BNR 3
Føresegner
Vedtekne av Vinje kommunestyre 25.06.02
§ 1
Desse føresegnene gjeld for det området
som er vist med reguleringsgrense på plankartet.
§ 2
Området er regulert til fylgjande føremål:
Byggeområde
Landbruksområde
Offentlege trafikkområde
Fareområde
Spesialområde
§ 3 BYGGEOMRÅDE
3.1
BUSTADER
Område regulert til bustad, skal nyttast
til heilårsbustader.
Eventuelle nye bygg skal tilpassast
eksisterande bygningar.
3.2
HYTTER
a) Hytter skal plasserast som vist i
plankartet og i samsvar med innmålt pel i terrenget. Pelen skal
ligge innom hytteveggane. I samband med
byggesøknad skal det utarbeidast situasjonsplan i
målestokk 1:500 som syner
- inngrepsfrie areal
- plassering av bygg og anlegg
- intern veg og parkeringsareal
Mindre justering av hytteplasseringa kan
gjerast av Vinje kommune.
b) For frittliggande hytte skal bygd areal
normalt ikkje vera større enn 100 m2 BYA. Bygget skal ha saltak
med gesimshøgde på maksimalt 3.5 meter og
maksimal mønehøgde på 6 meter målt frå topp grunnmur.
Grunnmurhøgda skal ikkje vera høgare enn 1
meter over opphaveleg terreng. Synleg del av grunnmur
skal ikkje vera større enn 40 cm.
c) På kvar hyttetomt kan det oppførast
uthus/bod/anneks inntil 30 m2 BYA knytt til hovudbusetnaden slik at
bygga dannar eit
tun. Uthuset skal byggast med saltak, største
gesimshøgde på 3.0 meter og
mønehøgde på maksimalt 5 meter målt frå
topp grunnmur. Grunnmurhøgda skal ikkje vera høgare enn
1 meter over opphaveleg terreng. Synleg
del av grunnmur skal ikkje vera større enn 40 cm.
d) Bygg skal setjast opp på ringmur.
e) Totalt bygd areal skal normalt ikkje
vera større enn 130 m2 BYA på kvar tomt.
Dersom tomter er særleg godt egna til
oppføring av større eller fleire einingar, kan ein søkje kommunen
om dette. Søkjaren skal i slike høve legge fram profilteikningar,
illustrasjonar, perspektivskisser og
situasjonsplan som syner bygg på tomta saman med planlagde eller
omkringliggande bygg,
inngrepsfrie areal, intern veg og
parkeringsareal.
Kommunen kan fastsetje kva for
dokumentasjon som er turvande for handsaming av byggesøknader.
f) Bygg skal best mogeleg underleggast
naturpreget i området og ha ei enkel og god
utforming. Det skal leggast avgjerande
vekt på arkitektur, fargar og tilpassing i terrenget. Form og
storleik på tomta og plassering av bygg på
denne, er avgjerande for utsjånad
og utforming av det
enkelte bygget.
Utvendes skal det nyttast trematerialar,
lafta tømmer, stav eller kraftig, ståande
kledning, min. 1 ¼" x 8",
i mørke, miljøvenlege fargar.
Innramming av vindauge og dørar skal ha
mørke og miljøvenlege fargar.
g) I hytter og eventuelle uthus/anneks
skal det nyttast rektangulære
vindauge med småruta glas.
h) Taket skal utførast som saltak med
takvinkel på 24, 27 eller 32 grader. Taket skal ha utspring på
minimum 40 cm og tekkast med torv.
i) Eksisterande vegetasjon og terreng skal
i størst mogeleg grad takast vare på. Felling av tre skal skje
i samråd med grunneigar.
j) Det skal ikkje setjast opp gjerde eller
flaggstenger i området, heller ikkje private parabolantenner.
Dersom det ikkje vert bygd felles
kabelanlegg, kan det setjast opp parabolantenner medsame fargeval
som hyttene.
k) Mellom eventuelle verandapillararar må
det gjerdast på grunn av sau m.v.
l) Uteareal skal vera pussa og sådd til
innan eit år etter at byggearbeidet er avslutta.
3.3
SÆRLEGE FØRESEGNER FOR HYTTER I OMRÅDE H2
-
STØYLSBEKKEN HYTTEGREND.
a) Totalt bygd areal på kvar tomt skal
ikkje vera større 20% BYA av tomtearealet.
b) Totalt bygd areal skal fordelast på
fleire bygg der største tilletne areal for ein bygningskropp er
100 m2 BYA.
c) Bygg kan førast opp frittståande i tun
eller bindast saman med mellombygg.
d) I byggesøknad skal det for kvar tomt leggast med profilteikningar,
illustrasjonar, perspektivskisser
og situasjonsplan som syner bygg på tomta saman med planlagde eller
eksisterande omkringliggande
bygg, inngrepsfrie areal, intern veg og
parkeringsareal.
Kommunen kan fastsetje kva for
dokumentasjon som er turvande for handsaming av byggesøknader.
3.4 OMRÅDA H1, H3, H9 - H12
Nye hytter kan berre oppførast i områda
H1, H3, H9, H10, H11 og H12 i medhald av revidert
reguleringsplan der lokalisering av
hytter, interne vegar, friluftsområde og andre føremål er vist.
3.5 EKSISTERANDE HYTTER
Desse føresegnene gjeld og eksisterande
hytter i heile planområdet.
3.6 FORRETNINGSOMRÅDE
Områda FA1 og FA2 skal nyttast til
utleigeeiningar bygd frittståande eller i rekkje. Mindre
serviceanlegg kan og etablerast i desse
områda.
FA3 skal nyttast til turistanlegg med
bueiningar/leilighetar for utleige og serviceanlegg.
Tiltak i områda FA1, FA2 og FA3 kan berre
realiserast i samsvar med revidert reguleringsplan der detaljar
knytt til utnytting av forretningsområda
er vist.
§ 4 LANDBRUKSOMRÅDE
Området skal nyttast til tradisjonell
landbruksdrift. Bygg knytt til slik drift kan oppførast i området etter
godkjenning frå Vinje kommune.
§ 6 SPESIALOMRÅDE
6.1
PRIVATE VEGAR OG PARKERINGSPLASSAR
Regulert privat veg skal nyttast som
tilkomstveg til hytter og parkeringsplassar, til
landbruks/skogsdrift og til kommunale
oppgåver.
Private vegar skal opparbeidast med
breidde 3.5 m.
Eksisterande og nye parkeringsplassar skal nyttast av dei som ikkje ynskjer
veg fram til hytta si og til
gjesteparkering.
Det vert ikkje høve til utvida bruk av
eksisterande parkeringsplassar merkt P1, P2 og P3 i plankartet.
6.2 FRILUFTSOMRÅDE
Friluftsområde er fritt tilgjengelege for
ålmenta. Stiar og skiløyper kan opparbeidast og vedlikehaldast.
Friluftsområda kan og nyttast til landbruksdrift.
Eksisterande vegetasjon skal takast vare
på. Tre og buskar skal ikkje fjernast.
Ved eventuelle terrenginngrep, skal
revegetering skje innan 1 år etter at anleggstiltak er ferdigstilte.
6.3 KOMMUNALTEKNISK VERKSEMD
Område regulert til anlegg og drift av
kommunalteknisk verksemd, skal nyttast til oppsetjing
av renovasjonskonteinerar og andre
turvande innretnader og aktivitetar knytt til kommunal
renovasjonsordning.
6.4
FRISIKTSONE
Frisiktsoner skal haldast reine for
lekamar høgare enn 0.5 m eller anna som på nokon måte hindrar fri
sikt innom sona.
§ 7
ÅLMENNE FØRESEGNER
7.1 VATN OG AVLAUP
All vassforsyning i regulert område skal
vera frå godkjend vassverk.
All bygningsmasse med innlagd vatn skal
knytast til offentleg og godkjend avlaupsanlegg.
Alle nye fritidsbustader skal koplast til
offentleg anlegg for vatn og avlaup. Eksisterande
fritidsbusetnad får høve til å kople seg
til offentleg vass- og avlaupsnett.
Eksisterande hytter med låg sanitærteknisk
standard som ikkje er kopla til offentleg VA-nett,
har ikkje høve til å legge vatn inn i
hyttene. Desse må nytte biologisk do og hente vatn frå oppsette
vasspostar i området.
Bygging skal ikkje skje før
tilknytingsklare hovudanlegg for vatn og avlaup er etablert.
Alle tekniske anlegg knytt til framføring
av vatn og avlaup skal opparbeidast i samsvar med godkjend
VA-plan for området.
7.2 RENOVASJON
Hushaldsavfall vert tekje hand om av
kommunen gjennom tvungen kommunal renovasjonsordning.
Hytteeigarar pliktar å levere avfall etter
nærare tilvising frå kommunen.
7.3 STRAUMFORSYNING, FIBEROPTIKK O.L
Alle typer kablar skal leggast i grøfter i
samsvar med leidningsplan for
området.
§ 8 UTBYGGINGAVTALE
Før planen kan gjennomførast, bør det
ligge føre utbyggingsavtale mellom
utbyggar og
Vinje kommune
§ 9
DISPENSASJON
Planutvalet kan, når særlege grunnar talar
for det, tillate mindre vesentlege unnatak frå desse
føresegnene innom ramma av Plan- og
bygningslova.
§ 10 PRIVATRETTSLEGE AVTALER
Etter at planen med tilhøyrande føresegner
er vedtekjen, kan det ikkje opprettast privatrettslege
avtaler som er i strid med planen eller
føresegnene.